Annonse

United-eigar lovar å finansiere nødvendige sommarkjøp

Manchester United-eigar Avram Glazer meir enn antydar at midlar vil kome til disposisjon slik den nye manageren Erik ten Hag kan kjøpe spelarar i sommar.

Måndag publiserte United det første store intervjuet med påtroppande manager ten Hag. Der er nederlendaren tydeleg på at spelarstallen må forsterkast i tida som kjem.

Då United-eigar Avram Glazer møtte Sky Sports under World Economic Forum i sveitsiske Davos, måndag gjekk han langt i å love at pengar vil bli stilt til rådvelde.

– Vi har alltid brukt pengane som er nødvendig for å kjøpe nye spelarar, sa amerikanaren.

Då Sky Sports stilte spørsmål om han var samd i at Old Trafford-klubben har ein skuffande sesong bak seg, lydde først svaret:

– Eg trur ikkje dette er tidspunktet å snakke om det.

Deretter stadfesta likevel Glazer likevel påstanden til journalisten.

– Det er ein skuffande sesong, og det har det vore for alle. Vi skal jobbe hardt for å gjere den neste betre, sa han.

United avslutta Premier League-sesongen med 0-1-tap for Crystal Palace søndag. Sjetteplass på tabellen vart fasiten.

(©NPK)

Manchester United avslutta sesongen svakt søndag. Foto: Ian Walton / AP / NTB