Annonse

United-eigarane lovar å oppgradere Old Trafford – vil betre forholdet til fansen

Joel Glazer prøver å dempe opprøret blant Manchester United-supporterane med nye lovnader. For andre gong på kort tid har klubbeigaren skrive eit ope brev.

Der erkjenner han at forholdet til fansen må bli betre. Den amerikanske Glazer-familien har vore kontroversiell heilt sidan oppkjøpet av United i 2005.

Joel Glazer lovar å komme med ein «ambisiøs pakke med tiltak». Han vil personleg delta i fanforum for å betre dialogen med United-tilhengjarane. I tillegg skal det setjast av midlar til å oppgradere både stadion og treningsanlegg.

– Vi har støtta vedvarande investeringar i laget over mange år, og det vil vi halde fram med også denne sommaren. Vi erkjenner at vi markant må investere meir i Old Trafford og treningskomplekset vårt for å sikre at klubbfasilitetane held fram med å vere blant dei beste i Europa, skriv Glazer.

Han og resten av eigarfamilien har vorte skulda for å ha late heimebanen til klubben forfalle i ei årrekkje.

United-fansen har protestert mot amerikanarane fleire gonger, men sinnet toppa seg med demonstrasjonane på søndag utanfor Old Trafford. Somme tok seg inn på stadion, og det førte til at Premier League-kampen mot Liverpool vart utsett.

Glazer-familien tok over Manchester United gjennom eit såkalla fiendtleg oppkjøp for 16 år sidan. Det vart gjort gjennom å ta opp ei stor gjeld, og denne vart etterpå ført over på klubben.

(©NPK)

Old Trafford skal få auka investeringar, lovar Manchester Uniteds amerikanske eigarar. Foto: Jon Super / AP / NTB

Manchester United-fansen protesterte mot Glazer-familien utanfor Old Trafford sist søndag. Foto: Barrington Coombs / PA / AP / NTB