Uno-X stiller i Paris–Roubaix

Uno-X klatrar vidare i sykkelhierarkiet og sender ryttarar til Paris–Roubaix i april. Det er første gong eit norsk lag deltek i den franske vårklassikaren.

Måndag vart det klart at herrelaget til Uno-X er invitert til det beintøffe brusteinsrittet, populært kalla «helvetet i nord». Stadfestinga kom frå arrangøren ASO.

Frå før var det klart at Uno-X stiller i kvinneutgåva av Paris–Roubaix.

– Det blir eit eventyr å komme tilbake til dette ikoniske rittet. Eg er superstolt over å ha vore ein del av den unike reisa til Uno-X. At vi no skal stå på startstreken i eit av monumenta i sykkelverda, er verkeleg stort. Sjølv om vi ikkje kjem til å vere blant favorittane før start, er det eit ritt som kan passe oss bra. Vi håpar å slå godt frå oss, seier sportsleg leiar Kurt Asle Arvesen Uno-X i ei pressemelding.

Herre-rittet går 17. april, medan kvinnene skal i aksjon dagen før.

– Det er ei klype-seg-i-armen-stund for alle norske sykkelinteresserte. At vi har to norske lag på start i Paris–Roubaix i vår, er noko av det største alle sykkellag kan oppleve. Det blir heilt fantastisk, seier sykkelsjef Jens Haugland i Uno-X til TV 2.

(©NPK)

Uno-X får delta i Paris–Roubaix i april. Foto: Geir Olsen / NTB