Annonse

Unormalt mildt i november - kan gå mot rekord

Ei rekkje stader langs kysten viste gradestokken over 15 plussgradar før klokka 7 torsdag. November kan bli rekordvarm, ifølgje meteorologane.

- Viss dette vêret held fram, så kan det faktisk skje. Sånn som den næraste veka ser ut, blir det mildt mange plassar, seier statsmeteorolog Trond Lien ved Meteorologisk institutt til NRK.

Torsdag morgon vart det målt over 15 gradar minst sju stader i Møre og Romsdal. Då var Ålesund varmast med 16,3 gradar. Utpå dagen vart det målt heile 18,1 gradar i Rekdal i Romsdal.

Også i Finnmark, særleg i indre strøk, ligg temperaturane godt over det som er vanleg, ifølgje Lien. Mange elvar og vatn er framleis utan is, og i staden for snø er det grønt gras mange stader.

Òg langs kysten har det vore mildt med temperaturar på opptil fem gradar over normalen.

- Så det gjeld heile Finnmark, sjølv om temperatursvingingane er mindre på kysten, seier Lien.

(©NPK)

Ålesund var det varmaste staden i landet torsdag morgon. Det blei målt 16,3 grader i byen, som her er fotografert frå Fjellstua på Aksla. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix