USA held tusenvis av barn innesperra på mottak

70.000 barn av asylsøkjarar har i år vore haldne innesperra i mottak i USA, viser tal frå styresmaktene. Mange av dei får alvorlege traume og skadar for livet.

Ei tre år gammal jente var på veg nordover i fleire veker og sat trygt på fanget til faren, som ville søkje asyl i USA. No vil ho ikkje eingong sjå på han lenger.

På grensa til USA vart dei to, som kjem frå Honduras, skilde med tvang. Deretter vart den vesle jenta plassert i fosterheim, misbrukt seksuelt og til slutt deportert til heimlandet saman med faren.

I dag er jenta inneslutta, redd og sint og overtydd om at faren gjekk frå henne. Han fryktar at dei nære banda mellom dei er brotne for alltid.

- Eg tenkjer på traumet ho har, for traumet forfølgjer også meg og har ikkje vorte noko mindre, seier han, få dagar at dei to kom saman igjen.

Kraftig auke

Nye tal frå immigrasjonsstyresmaktene viser at 69.550 barn det siste året har vorte skilde frå foreldra ved innreisa til USA. Deretter har dei vorte plasserte i mottak og fosterfamiliar.

Dette er 42 prosent fleire enn året før, og styresmaktene medgir at barna blir sitjande lengre i mottak enn før.

Rundt 4.000 barn heilt ned i spedbarnsalderen blir framleis haldne i slik forvaring medan asylsøknadene til foreldra er til behandling. Ni av ti kjem frå dei valdsherja landa Guatemala, Honduras og El Salvador.

Ifølgje FN er USA no det landet i verda som skil flest barn frå foreldra, sjølv om styresmaktene erkjenner at dette kan vere svært traumatiserande.

Skadar for livet

- Tidlegare erfaringar blir bokstaveleg talt bygde inn i hjernen og kroppen vår, seier doktor Jack Shonkoff, som er leiar for Center on the Developing Child ved Harvard-universitetet.

Risikoen for langvarige skadar er størst blant dei yngste, ettersom dei biologiske systema deira er mindre utvikla, seier han.

Ryan Matlow, som er ekspert på traume blant barn, og som har band til Stanford-universitetet, er samd. Han seier stresset barna blir utsette for, gir auka risiko for depresjon, angst, posttraumatisk stressyndrom, hjartesjukdommar, kreft og tidleg død.

- Ønskjer vi å vere eit land som påfører individ som opplever stor motgang, og som søkjer tilflukt og hjelp i eit naboland, fleire traume? spør han.

Sjølvskading

Ein honduransk tenåring som vart halden innesperra på eit stort mottak i fire månader før han kom saman med mor si igjen, fortel at frykta og angsten voks for kvar einaste dag han var der.

- Det var noko der som fekk oss til føle desperasjon. Vi ønskte å bli fri. Det var fortviling overalt, fortel han.

Ein annan honduransk tenåring fortel om utbreidd sjølvskading blant barna på mottaket han var på.

- Nokre gonger gret dei åleine, eller dei kasta seg mot veggen, fortel han.

Fortviling

Faren til den tre år gamle jenta fortel korleis dei to vart skilde med tvang då dei kryssa grensa til Texas i mars i år. I tre veker ana han ikkje kvar ho var, eller korleis ho hadde det, og først etter endå ein månad fekk han lov til å ringje henne. Då nekta ho å snakke med han og skreik i sinne.

- Ho sa at eg hadde forlate henne, fortel han.

Det han ikkje visste, var at jenta vart misbrukt seksuelt av eit anna barn i fosterfamilien ho var i. Dette fekk han først vite fleire månader seinare.

Han var desperat etter å få møte henne og trygla om å få gi ein DNA-test for å kunne bevise at ho var dottera hans. Til slutt gav han opp og bad ein dommar om å føre dei saman og deportere dei.

Lite eller inga hjelp

I den honduranske byen der dei to no bur, er det ingen psykologar som kan hjelpe den vesle jenta og faren hennar.

- Alt vi kan gjere er å prøve å gi henne merksemd og kjærleik, seier han.

Heller ikkje barna som blir haldne på mottak i USA, får den hjelpa dei har rett på etter amerikansk lov, noko òg generalinspektøren for helsevesenet har slått fast.

(©NPK)

Nærare 70.000 barn har i år vorte skilde frå foreldra når dei kjem til USA for å søkje asyl. Mange av dei får, ifølgje ekspertane, skadar for livet under opphald i mottak og fosterfamiliar medan foreldra ventar på å få søknadene sine behandla. Foto: AP / NTB scanpix

Styresmaktene tok den tre år gamle dottera til ein honduransk far som kom til Texas i mars i år og plasserte henne i fosterheim. Der vart ho seksuelt misbrukt. No er begge tilbake i Honduras, men jenta vil ikkje lenger ha noko med faren å gjere. Foto: AP / NTB scanpix

Barn som blir skilde frå foreldre som søkjer asyl i USA, blir utsette for traumatiske opplevingar som kan gi dei skadar for livet. Dette er kosedyret til ein lita jente som vart seksuelt misbrukt i ein fosterfamilie medan asylsøknaden til faren var til behandling. Foto: AP / NTB scanpix