USA innfører sanksjonar mot Irans sentralbank

USAs president Donald Trump seier at landet har innført nye sanksjonar mot Irans sentralbank. Trump kallar sanksjonane «dei største nokosinne».

Presidenten offentleggjorde dei nye sanksjonane nær éi veke etter angrepet mot oljeinstallasjonar i Saudi-Arabia.

- Dette er dei største sanksjonane frå USA mot eit land nokosinne, sa presidenten til presse i Det kvite hus.

Trump gav ikkje nærare detaljar om korleis sanksjonane er forma ut.

Både USA og Saudi-Arabia har skulda Iran for å stå bak oljeangrepet 14. september, og amerikanarane varsla onsdag ei betydeleg skjerping av sanksjonane mot landet.

USA har sidan dei trekte seg frå atomavtalen med Iran i fjor innført ei rekke strenge sanksjonar mot Irans oljeindustri, bankvesen og fleire iranske leiarar.

Iran har avvist at dei stod bak droneangrepet mot oljeanlegget.

(©NPK)

USAs president seier at landet har innført sanksjonar mot Irans sentralbank. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix