Annonse

USA innfører visumrestriksjonar for 76 saudiarabarar

76 saudiarabarar blir pålagt visumrestriksjonar for å heidre Jamal Khashoggi, som vart drepen i 2018, opplyser USAs utanriksminister Antony Blinken.

Beskjeden kom straks etter at USA fredag offentleggjorde ein nedgradert etterretningsrapport der kronprins Mohammed bin Salman i Saudi-Arabia blir utpeika som den som beordra drapet på Khashoggi.

– Vi har gjort det absolutt klart at angrep frå Saudi-Arabia på aktivistar, dissidentar og journalistar må ta slutt. Dei vil ikkje bli tolererte av USA, seier Blinken.

Han seier òg at USA vil nekte innreise for alle utlendingar som er engasjerte i aktivitetar som truar dissidentar utanfor amerikansk jord. Det gjeld òg dei som trakasserer journalistar og familiane deira, understrekar Blinken. Tiltaket har fått namnet «Khashoggi-forbodet».

(©NPK)