Annonse

USA med nye Nord-Korea-sanksjonar

USA har innført nye sanksjonar i samband med Nord-Koreas testar av langtrekkjande rakettar.

Annonse

Sanksjonane som vart kunngjorde fredag, rettar seg mellom anna mot to russiske bankar som etter seiande støttar Nord-Koreas program for langtrekkjande rakettar og atombomber.

Nord-Korea testa ifølgje USA tre rakettar torsdag, ein av dei skal ha vore ein såkalla ICBM med interkontinental rekkjevidd. Testinga skjedde kort tid etter at USAs president Joe Biden avslutta ei reise i regionen. Ifølgje USA har Nord-Korea så langt i år gjennomført 23 slike testar.

Dei amerikanske sanksjonane er også retta mot ein nordkoreansk mann i Kviterussland som skal ha skaffa til vegar pengar til testane, og eit handelsselskap.

Torsdag la Russland og Kina ned veto mot ein resolusjon i FNs tryggingsråd som ville ha betydd strenge sanksjonar mot Nord-Korea i samband med testar av rakettar som kan utrustast med atomstridshovud.

(©NPK)

Eit bilete lagt ut av den nordkoreanske regjeringa viser det som skal vere ein test av ein langtrekkjande Hwasong-17-rakett den 24. mars i år. Etter fleire nye rakettestar har USA innført fleire sanksjonar mot landet. Foto: Korean Central News Agency / AP / NTB