USA: Migrantbarn kan haldast innesperra på ubestemt tid

President Donald Trumps administrasjon har vedtatt å fjerne avgrensinga på kor lenge papirlause migrantbarn kan haldast innesperra.

Tryggingsdepartementet (DHS) kunngjorde onsdag at tidsgrensa på 20 dagar skal opphevast. Denne tidsgrensa har stått sidan 1997.

Dei nye retningslinjene blir implementerte om 60 dagar. Då blir det inga avgrensing på kor lenge barn, eller familiane deira som ikkje har lovleg opphald i USA, kan bli haldne igjen.

(©NPK)

Latinamerikanske migrantar ventar utanfor eit senter i New Mexico i USA på dette arkivbildet frå mai. No har Trump-administrasjonen bestemt seg for å oppheve grensa på kor lenge migrantbarn kan sitje innesperra. Foto: AP / NTB scanpix