Annonse

USA nærmar seg mellomval - førehandsstemminga har begynt

Enkelte amerikanske delstatar har allereie opna for førehandsstemming i samband med mellomvalet som blir arrangert 6. november.

Annonse

Valet vil avgjere om Republikanarane beheld fleirtalet i Kongressen eller om Demokratane overtar kontrollen over eitt eller begge kammer. Meiningsmålingar tyder på at det mange stadar er jamt mellom kandidatar frå dei to partia.

Dersom Demokratane får fleirtal i enten Senatet eller Representanthuset, vil det gi partiet meir makt til å stanse politikken til president Donald Trump.

Minnesota var den første delstaten som fredag opna for førehandsstemming, og South Dakota følgde like etter. Dei neste dagane vil fleire andre delstatar gjere det same.

Det har allereie i fleire månader blitt ført ein intens valkamp i samband med primærvala i begge parti. President Donald Trump har dessutan halde fleire valkampmøte til støtte for republikanske kandidatar. Så seint som torsdag var han i Las Vegas for å vise støtte til kandidatane til Kongressen, og ein guvernørkandidat.

(©NPK)

Valmedarbeidarar i Colorado får sikkerheitsopplæring i samband med mellomvalet i november. Foto: Jim Anderson / AP / NTB scanpix