USA og Canada stengjer grensene for reisande frå det sørlege Afrika

USA og Canada gjer som fleire europeiske land og stenger grensene for reisande som kjem frå land i det sørlege Afrika.

Fleire europeiske land har stansa direkteflygingar frå det sørlege Afrika og innført krav om testing og karantene for alle som kjem frå området. Dette som følgje av ein ny og meir smittsam variant av koronaviruset som er påvist i Sør-Afrika.

Fredag følgde USA og Canada etter og stengjer grensene for reisande frå denne delen av verda.

For USAs del gjeld det reisande frå Sør-Afrika, Botswana, Zimbabwe, Namibia, Lesotho, Eswatini, Mosambik og Malawi. Amerikanske statsborgarar vil likevel kunne vende heim frå desse landa.

(©NPK)