ANNONSE
Annonse

USA: Uansvarleg av Kina å stanse klima-samarbeidet

Den kinesiske avgjerda om å stanse samarbeidet med USA om klimaendringar og andre saker, er grunnleggjande uansvarleg, meiner Det kvite hus.

– Dei trur dei straffar oss ved å stengje denne kanalen, seier talsmann John Kirby i Det kvite hus' nasjonale tryggingsråd fredag.

– Dei straffar i realiteten heile verda fordi klimakrisa ikkje anerkjenner geografiske skilje og grenser, seier Kirby.

Kinas utanriksdepartement opplyste tidlegare på dagen at dei stansar dialogen med USA om klima, militære spørsmål og narkotikanedkjemping. Årsaka er at kongressleiaren Nancy Pelosi trassa kinesiske åtvaringar og besøkte Taiwan tidlegare denne veka.

Kina og USA er dei to landa i verda med størst utslepp av klimagassar. I fjor inngjekk landa ein avtale om å påskunde klimatiltak i løpet av dette tiåret, og dessutan å møtast regelmessig for saman å tak greip i klimakrisa.

(©NPK)

Talsmann for det nasjonale tryggingsrådet John Kirby. Foto: AP / NTB

ANNONSE
Annonse