Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): USAs øvste general i Afghanistan bed Kongressen vidareføre ordninga der afghanarar som har risikert livet i koalisjonens teneste vert tilbode visum.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 14:02
Sivile afghanarar som har jobba for den USA-leidde koalisjonen i det krigsherja landet kan i dag verte tilbode visum og moglegheit til å starte eit nytt liv i USA.
Om visumordninga skrotast,kan dei afghanarane det gjeld bli utsett for stor fare, sa general John Nicholson til John McCain, republikansk leiar i Senatets forsvarskomité onsdag.
Fråsegna blei gitt i forkant av ein debatt om programmets framtid i samband med handsaminga av den årlege forsvarsmeldinga same dag.
McCain omtalar det som samvitslaust om USA nektar å ta imot afghanarar som har blitt målskiver fordi dei har hjelpt amerikanarane. Kritikarane argumenterer med at programmet kan komme til å koste amerikanske skattebetalarane over 3,7 milliardar kroner. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.