Annonse

USAs ambassadør pressar hardare på at Noreg må no Natos mål

Kenneth J. Braithwaite, USAs ambassadør til Noreg, har dei siste månadene lagt ekstra press på Noreg for at Noreg skal bruke to prosent av BNP på Forsvaret.

Fleire stortingsstoppar stadfestar overfor Klassekampen at den amerikanske ambassadøren har hatt møte både før og etter sommaren med klar beskjed om at Noreg må nå Natos toprosentmål.

- Han er tydeleg og han er ikkje fornøgd, seier andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (Frp).

- Dei viser til at Noreg er det einaste Nato-landet med grense til Russland som ikkje når målet om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar, seier Tybring-Gjedde.

Nytt i samtalane skal ha vore at det no blir lagt inn eit element som minner om ultimatum.

- No er amerikanarane tøffare om at dette kan få konsekvensar. Dei seier ikkje rett ut at dei ikkje vil hjelpe oss når det oppstår ein vanskeleg situasjon, men dei viser til at vi ligg tett på Russland, seier Tybring-Gjedde.

Høgres Hårek Elvenes seier USA openbert er utolmodige med Noreg.

- Noreg er både ein grunnleggjar av Nato og ein leiar i alliansen, og er finansielt kapabel til å nå desse forpliktingane. Eg har understreka at det er viktig for Noreg å vise leiarskap og no toprosentmålet i god tid før 2024, skriv Braithwaite i ein kommentar.

Anniken Huitfeldt (Ap), leiar av utanriks- og forsvarskomiteen, Knut Arild Hareide (KrF) i same komité og Senterpartiets forsvarspolitiske talsperson Liv Signe Navarsete har òg hatt møte med ambassadøren.

(©NPK)

USAs nye ambassadør, Kenneth Braithwaite mister tolmodet med norske forsvarsløyvingar. USA har også tidlegare signalisert at Noreg ikkje bruker nok pengar på forsvar, og Braithwaite skal igjen ha formidla kor lite fornøgd USA er med prioriteringa. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix