Annonse

Usikkert kor lenge Liverpool-keeperen er ute

Liverpools stjernekeeper Alisson Becker har kasta krykkene, men han kjem ikkje til å spele fotball med det første.

Annonse

Det fortalde LFC-manager Jürgen Klopp på pressekonferansen før laurdagens storkamp mot Arsenal i Premier League.

Becker skadde leggen i serieopninga mot Norwich, og han har sidan gått glipp av to kampar. Klopp seier han ikkje veit når brasilianaren er tilbake på fotballbanen.

- Han er ikkje så nær. Om spørsmålet er om eg vurderer han for trening eller kamp i morgon, så er svaret nei. Han ser bra ut, er i god form og godt humør. Men det vil ta tid.

- Vi har ingen dato. Han skal få tida han treng. Han var på krykker i starten, noko som er normalt etter ein slik skade, men dei er borte no. Han går normalt, og han kan trene mykje betre enn for ei veke sidan. Eg trur det vil gå raskt herfrå, men eg veit ikkje kor raskt, seier tyskaren.

Liverpools rutinerte reservekeeper Adrián kjem til å vakte målet laurdag. Liverpool og Arsenal er dei einaste klubbane som står med full poengpott etter to serierundar.

(©NPK)

Liverpool-keeper Alisson Becker er framleis ute av spel på grunn av ein leggskade. Foto: Dave Thompson / AP / NTB scanpix