Annonse
Annonse
Annonse

Utanlandsdebut for Silje Opseth

(NPK-NTB): Silje Opseth (16) frå Holeværingen får sin internasjonale debut i verdscupen hopp for kvinner i Oberstdorf kommande helg.

Annonse

– Ho er ein spennande hoppar for framtida. Vi ønskjer å matche henne på dette nivået etter at ho har imponert i bakken dei siste vekene, seier landslagstrenar Christian Meyer.

Opseth har fått prøve seg i verdscupen på heimebane, men ikkje i utlandet.

Tre norske utøvarar skal delta i renna i Oberstdorf laurdag og søndag. Line Jahr er tilbake etter ein meniskskade.

– Det er herleg å ha med fleire jenter i rennet, seier Meyer.

Norske deltakarar: Line Jahr (Vikersund), Maren Lundby (Kolbukameratene), Silje Opseth (Holeværingen). (©NPK)