Annonse

Utbrot av marburgvirus i Ekvatorial-Guinea

Ekvatorial-Guinea har sitt første utbrot av marburgvirus. Viruset gir ein svært smittsam og dødeleg sjukdom som liknar ebola. Minst ni menneske har døydd.

Dødsfalla blir knytte til ei gravferd i Nsok Nsomo-distriktet i Kie Ntem-provinsen, sa helseministeren i landet Mtoha Ondo'o Ayekaba fredag.

Lokale helsestyresmakter melde om ein ukjend sjukdom som forårsaka feber og blødingar 7. februar. Deretter vart det sendt prøver til Senegal, og på desse er det stadfesta marburgvirus, opplyser Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Meir enn 200 menneske er sette i karantene i det vesle sentralafrikanske landet, og det er innført restriksjonar på ferdselen i Kie-Ntem. I tillegg har nabolandet Kamerun innført restriksjonar langs grensa på grunn av bekymring for smitte.

På toppen av dei ni dødsfalla, er det meldt om 16 mistenkte smittetilfelle. Pasientane med mistenkt smitte har symptom som feber, utmatting og blodig oppkast og diaré, ifølgje WHO.

Marburgvirus-sjukdom kan ha ei dødelegheit på opptil 88 prosent, ifølgje WHO. Det finst ingen vaksine eller antivirale legemiddel som er godkjende til behandling.

Sjukdommen vart først påvist som følgje av to utbrot knytt til laboratoriearbeid med forsøksaper frå Uganda som fann stad samtidig i 1967 i tyske Marburg og i Beograd i Serbia.

Viruset smittar menneske frå ein flaggermusart og spreier seg mellom menneske gjennom direkte kontakt med kroppsvæsker frå smitta.

Det største utbrotet i nyare tid var i Angola i 2005. Det kravde over 300 menneskeliv.

(©NPK)