Utforkøyringar på glatte vegar over heile landet

Glatte vegar og vanskelege køyreforhold står bak ei rekke utforkøyringar over heile landet onsdag. Politiet ber folk vere varsame.

Vegtrafikksentralen opplyser at entreprenørar saltar og strør vegar. Hittil har ingen vorte alvorleg skadd.

- Det blir meldt om svært glatte vegar fleire stader i distriktet, med mange trafikkuhell. Vi oppmodar alle til å ta det roleg slik at alle kan ferdast trygt ute, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Agder politidistrikt åtvarar òg mot svært vanskelege køyreforhold: «Vi får fleire meldingar om glatte vegar, særleg i indre delar av Agder. VTS er informert og har bilar ute for å strø/salte. Vi oppmodar bilistar til å køyre etter forholda», skriv Agder-politiet på Twitter.

Vestlandet

Ei mor og eit barn vart tatt hand om av ambulanse då bilen deira køyrde av vegen ved Hjelmeland i Rogaland.

I Sandnes i same fylke køyrde ein bil opp på eit skilt og ned i ei grøft på glatt føre. Føraren er send til legevakta. Politiet melder om store materielle skadar på staden.

I Gaular kommune i Sogn og Fjordane sklei ein traktor av vegen og ned i ei grøft. Føraren, ein mann i 30-åra, vart noko forslått, men er ikkje alvorleg skadd.

Glatt òg på Austlandet

Ved Hallingdal i Buskerud velta ein lastebil etter at han køyrde ut av vegen. Føraren vart send til legevakta for sjekk.

Ved Kvelde i Vestfold sklei eit vogntog av vegbanen i låg fart. I Eidsberg, Hallingdal og Borgeskogen på Austlandet køyrde høvesvis ein lastebil og to bilar ut av vegen. Lastebilføraren er send til legevakta for sjekk.

Ved Stange i Hedmark hamna eit vogntog i ei ulykke som gjorde at sørgåande felt på E6 vart stengd.

- Meldt om fleire glatte vegar i Innlandet på morgonkvisten. Vi oppmodar bilistar om å ta omsyn til køyreforholda, skriv Innlandet politidistrikt på Twitter.

(©NPK)

Politiet åtvarar om glatte vegar fleire stader i landet. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix