Utval fortset lakseskatt-utgreiing trass i motstand

Finansminister Siv Jensen (Frp) stansar ikkje utgreiinga til Havbruksskatteutvalet, trass i stor motstand mot såkalla lakseskatt internt i regjeringa.

Finansminister Siv Jensen (Frp) stansar ikkje utgreiinga til Havbruksskatteutvalet, trass i stor motstand mot såkalla lakseskatt internt i regjeringa.

I eit skriftleg spørsmål til finansminister Siv Jensen (Frp), spør Senterpartiets stortingsrepresentant Geir Pollestad om statsråden vil endre eller trekke mandatet til utvalet, på grunn av det han kallar «tilnærmet en total motstand blant de politiske partiene» mot såkalla lakseskatt.

Jensen svarar at Havbruksskatteutvalet vil fortsetje arbeidet sitt etter fastsett plan, og at utvalet skal undersøke fleire spørsmål.

- Det er derfor nyttig at Havbruksutvalet fullfører arbeidet sitt slik Stortinget og regjeringa har bedt om, også om det blir konkludert med å ikkje gå vidare med saka, svarer finansministeren.

Ferdig i november

Den siste tida har debatten rast om fiskeoppdrettarar skal betale ei såkalla grunnrente for utnyttinga av felles naturressursar, populært kalla lakseskatt.

I dag er det berre olje og vasskraft som betaler skatt på det økonomane kallar grunnrente, det vil seie dei ekstra inntektene selskapa har ved å utnytte ein naturressurs.

I fjor vår behandla Stortinget saka og vedtok å setje ned eit utval som skal vurdere endringar i skattesystemet for fiskeri- og havbruksnæringa. Utgreiinga skal ligge klar i november.

Motstand

Dei siste vekene har både Høgre og Venstre på landsmøta sine gått imot å innføre ein såkalla lakseskatt, i god tid før utvalet nedsett av regjeringa kjem med utgreiinga si.

Frp har hittil vore kritisk til lakseskatt, og for nokre veker sidan sa Frps landsstyre einstemmig nei til lakseskatt. I KrF er det venta debatt om skatten på landsmøtet.

Blant partia elles er Senterpartiet imot lakseskatt, og i Arbeidarpartiet har det vore laber entusiasme, men partiet ventar med å bestemme seg til utvalet er ferdig med utgreiinga si.

Det er SV som i utgangspunktet foreslo ei produksjonsavgift eller grunnrenteskatt for lakseoppdrett.

(©NPK)

Finansminister Siv Jensen (Frp)
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Senterpartiet).
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

SalMar, eit lakseoppdrettsanlegg med båt til havs i Frohavet på Trøndelagskysten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix