Uvaksinerte risikerer jobbnekt i helsevesenet

Helsedirektoratet vil spørje jobbsøkarar om dei har gjennomført barnevaksinasjonsprogrammet og om dei er villige til å ta årleg influensavaksine.

Spørsmåla om vaksinasjonshistorikk og innstilling til vaksinasjon vil gjelde alle som søkjer på jobbar der dei kjem i kontakt med pasientar, ifølgje Fagbladet Journalen. Dersom ein ikkje er vaksinert mot for eksempel meslingar eller influensa og heller ikkje er villig til å bli det, må ein vere innstilt på at det kan få konsekvensar.

- Arbeidsgjevar må gjere individuelle risikovurderingar og vurdere kor forsvarleg det er dersom nokon ikkje vil vaksinere seg. Det vil vere eitt moment ein vurderer i ein tilsettingsprosess. Og det kan få konsekvensar for ei tilsetting, eventuelt føre til omplassering, seier avdelingsdirektør Andreas Skulberg i avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.

Uvaksinerte som allereie arbeider på intensivavdelingar eller med sterkt immunsvekte pasientar, kan bli omplasserte, noko Helsedirektoratet allereie har informert om på nettsider og i brev.

Ved fleire store sjukehus i utlandet er det vanleg å krevje i arbeidskontrakten at tilsette lar seg vaksinere mot influensa, særleg dersom ein handterer sårbare pasientar. Overlege Tobias Gedde-Dahl ved Rikshospitalet ønsker liknande krav i Noreg.

Sist vinter vaksinerte 28 prosent av helsearbeidarane seg mot sesonginfluensa, mens det året før var ein endå lågare del, berre 16-17 prosent. Det betyr at så mange som sju av ti helsearbeidarar kan ha gått på jobb med auka risiko for å smitte pasientar.

(©NPK)

Helsedirektoratet vil opne for å kunne stille spørsmål om vaksinasjonshaldningar og -historikk når folk skal jobbe i nær kontakt med pasientar. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix