Annonse

Vaksinekampen spissar seg til før fase 2

By mot land. Ung mot vaksen. Lærar mot kontortilsett. Sterke interessekonfliktar blir kvervla opp når befolkninga under 45 år skal vaksinerast.

– Det er fleire ting som er oppe i lufta, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Ho ventar no på faglege råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) om fase 2 av vaksinasjonen mot covid-19 i Noreg.

Fase 1 er vaksinasjonen av befolkninga over 45 år og vaksne over 18 år med underliggjande sjukdom. I den neste fasen, som enno ikkje har starta, er det dei under 45 år som skal få vaksine.

Det har utløyst ei rekkje nye spørsmål om kven som skal prioriterast først.

– Det er ikkje så lenge til vi skal komme med avgjerder rundt dette, seier statsministeren.

Alderspyramide

Ifølgje avdelingsdirektør Line Vold i FHI blir vurderer dei vaksinasjon langs tre aksar.

Den første aksen er alder. Eit hovudspørsmål er då kva rekkjefølgje folk skal vaksinerast i når ein kjem under 45 år. Eitt alternativ er å halde fram som i dag, det vil seie byrje med dei eldste og så gå trinnvis nedover i alder. Eit anna alternativ er å «snu pyramiden», det vil seie byrje frå 18 år eller 16 år og så vaksinere oppover i alder.

– Vi ser på litt ulike modellar for korleis vi kan optimalisere effekten av vaksinane, seier Vold.

Ho trekkjer fram Danmark som døme. Der har dei byrja både øvst og nedst samtidig.

Fordelen med å vaksinere dei eldste først er at desse har størst risiko for alvorleg sjukdom og død.

Men unge vaksne har meir sosial kontakt.

– Dei har liten risiko for alvorleg sjukdom. Men vi må sjå på om vaksinasjon av denne gruppa kan vere tenleg med tanke på det totale smittetrykket, forklarer Vold.

Geografisk skeivfordeling

Eit anna spørsmål FHI har oppe til vurdering, er den geografiske fordelinga av vaksinane i fase 2.

– Akkurat no er det sånn at nokre kommunar får 20 prosent meir vaksine enn dei ville fått ved ei fordeling berre etter populasjon og aldersgrupper, seier Vold.

– Så ser vi no på om vi kan vinne noko på å målrette endå meir.

Oslo har fleire gonger bede om å bli prioritert endå høgare i vaksinasjonen, sidan hovudstaden i lang tid har hatt høgare smittetrykk.

Men det kan òg vere aktuelt å prioritere andre kommunar, ifølgje Vold.

– Her må vi sjå på kva effekt målrettinga så langt har hatt.

Yrkesgrupper

Den tredje aksen i FHI-vurderingane er yrkesgrupper. I fase 1 har helsepersonell vorte prioriterte, men i fase 2 vil FHI òg vurdere om andre som jobbar i samfunnskritiske funksjonar, skal rykke fram i vaksinekøen.

I tillegg kan barnehagetilsette og lærarar blir prioriterte. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har allereie tilrådd å prioritere lærarar for å kunne halde skulane opne.

– Det er fleire yrkesgrupper som med god grunn meiner dei bør prioriterast i vaksinasjonen vidare, fastslår Vold.

Lærarkrangel

Spørsmålet om vaksinasjon av lærarar har allereie vorte sterkt politisert, og i Stortinget har Arbeidarpartiet to veker på rad brukt spørjetimen til å presse regjeringa i saka.

Men Ap har ikkje sjølv nokon fasit på nøyaktig kor høgt lærarar skal prioriterast.

– Det er ikkje vi som kan svare på kva grupper som då skal flyttast ned. Det må FHI ha oversikt over, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Kritikken gjer Solberg mektig irritert. Ho påpeikar at FHI no jobbar for fullt med nøyaktig dei vurderingane Ap etterlyser.

– Ap er høge og mørke på dette utan at dei eigentleg har eit svar, seier statsministeren.

(©NPK)

Ei sprøyte med covid-19-vaksine frå Pfizer. Om ikkje lenge er Noreg klar til å starte vaksinasjonen av dei under 45 år. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har pressa statsminister Erna Solberg (H) i Stortinget om vaksinasjon av lærarar. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK