Valdsoffer skal få omgåande tilbod om å få erstatning utbetalt av staten

Regjeringa har foreslått ei ny valdserstatningslov, som mellom anna inneber at valdsutsette skal få tilbod om å få erstatningsbeløpet utbetalt av staten.

I dag må dei valdsutsette sjølv søkje om valdsoffererstatning, men ordninga er ifølgje regjeringa ikkje godt kjent.

Derfor foreslår dei at når retten har dømt nokon til å betale erstatning, skal den valdsutsette omgåande få tilbod om å få beløpet utbetalt av staten.

Valdsutsette må i dag i snitt vente i 420 dagar frå dei sender inn søknad til Kontoret for valdsoffererstatning, til dei får svar på søknaden.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) beskriv dagens lov som komplisert og lite tilgjengeleg.

– Det er på høg tid at vi får reformert valdsoffererstatningsordninga og sørgd for at dei som er utsette for alvorlege valds- eller seksuallovbrot, enkelt og raskt får erstatning for handlingane. Desse menneska har lidd nok, og når dei allereie har gått gjennom ei krevjande straffesak, bør dei sleppe å gå gjennom ein lang søknadsprosess i tillegg, seier ho i ei pressemelding.

Lovforslaget skal òg gjere det mindre krevjande for dei som har fått saka lagt bort etter bevisstillinga, å fremje krav om valdserstatning.

(©NPK)

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H). Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK