Annonse

Valdtekter over internett blir stadig oftare melde

Talet på melde valdtekter over internett auka frå 20 i 2017 til 173 til 2018, kjem det fram i ein ny rapport frå Kripos.

Rapporten, som heiter «Voldtektssituasjonen i Norge 2018», er omtalt av Dagbladet.

Han viser at talet på meldingar av seksuell omgang med og valdtekt av barn under 14 år auka med 13 prosent frå 2017 til 2018, og med til saman 74 prosent sidan 2014.

Unge overgriparar

Offera for nettovergrep er nesten utelukkande barn under 14 år. Mange av dei valdtektsmelde var mellom 15 og 25 år på gjerningstidspunktet, og heile 350 av dei var under 18 år.

- Vi er bekymra for den store delen unge gjerningspersonar melde for valdtekt. Dette heng saman med at det å gjere sitt første seksuallovbrot i ung alder aukar risikoen for nye overgrep, seier Emil Kofoed, leiar for Seksjon for seksuallovbrudd i Kripos, til Dagbladet.

Politiet ser òg ein auke i talet på valdtektsmeldingar der offeret og familien ikkje har kjennskap til gjerningspersonen. Dette blir sett i samanheng med at så mange av overgrepa skjer over internett.

Talet på mannlege fornærma har auka med heile 76 prosent. Politiet seier unge gutar gjerne er sårbare for personar som gir seg ut for å vere nokon andre, og at dei blir lurte og blir trua til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv på kamera.

I tillegg rammar gjerningspersonane som går etter gutar, langt fleire enn dei som utelukkande gjer overgrep mot jenter, ifølgje rapporten.

1.500 saker på tre personar

28 personar vart melde for valdtekt over nettet, og ved utgangen av 2018 var desse 28 registrerte til saman som mistenkt, sikta eller domfelt i heile 1.725 saker om seksuallovbrot. Tre av dei 28 stod bak meir enn 1.500 av sakene.

Mørketala er store for seksuelle overgrep mot begge kjønn, men forsking har vist at gutar i mindre grad enn jenter fortel at dei har vorte utsette for overgrep.

Det vart i 2018 meldt totalt 2.263 valdtekter, av dei var 1.687 valdtekter av personar over 14 år. Dei fleste valdtektene er festrelaterte, med ein del på 42 prosent. Delen overfallsvaldtekter har aldri vore lågare.

(©NPK)

Talet melde valdtekter over internett auka frå 20 i 2017 til 173 til 2018, kjem det fram i ein ny rapport frå Kripos.
Illustrasjonsfoto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix