Annonse

Valsiger for Shinzo Abe i Japan

(NPK-NTB-AFP): Statsminister Shinzo Abes koalisjon har sikra seg fleirtal i det japanske overhuset.

Abes Liberaldemokratiske parti (LDP) og koalisjonspartnar Komeito fekk stor støtte, trass i kritikk av både den økonomiske politikken og forsvarspolitikken.

Oppteljinga etter valet søndag viser at koalisjonsregjeringa er sikra to tredelar av seta i overhuset. LDP låg an til å få reint fleirtal, men enda med eitt sete for lite, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Abe har hatt makta sidan 2012, men har enno ikkje nådd målet sitt om å betre økonomien eller fjerne pasifismeparagrafen i grunnlova som forbyr Japan å ha offensive militærstyrkar. Grunnlovsendringa har vore gjenstand for sterk kritikk, men valresultatet viser at befolkninga likevel har tiltru til statsministeren.

Med støtte frå små nasjonalistparti, har LDP no nok støtte til å få gjennomført grunnlovsendringar, ifølgje analytikarar. Dermed kan pasifismeparagrafen – som blei påtvinga landet under USAs okkupasjon under andre verdskrigen – bli historie. Abe ønskjer å opne for å sende japanske soldatar på utanlandsoppdrag, noko den pasifistiske grunnlova hindrar. Med grunnlovsendringa kan Japan spele ei større rolle innan internasjonal sikkerheitspolitikk.

Børsen i Tokyo steig 3,55 prosent då valresultatet var klart. (©NPK)

Annonse