Våpenkvila i Hodeida ser ut til å halde

Våpenkvila som tok til å gjelde i hamnebyen Hodeida i Jemen ved midnatt, såg tysdag formiddag ut til å halde.

- Det har vore heilt roleg sidan klokka 3 i natt, seier ein tenestemann lojal mot eksilregjeringa i landet.

Bebuarar i Hodeida stadfestar over telefon at situasjonen i byen er roleg. Det er likevel vanskeleg å fastslå om roa kjem som følgje av våpenkvila eller om det berre er snakk om eit opphald i kamphandlingane.

Innbyggjarar har fortalt at samanstøytane ofte er kraftige på kveldstid og om natta, før situasjonen blir rolegare ved soloppgang.

Motstridande meldingar

Roa kjem etter meldingar om at våpenkvila vart broten berre minutt etter at ho vart innført ved midnatt.

President Abd-Rabbu Mansour Hadis regjering hevdar likevel at desse samanstøytane braut ut i Hodeida måndag, før våpenkvila skulle tre i kraft, og bebuarar stadfestar at det var kamphandlingar aust og sør for byen måndag kveld.

Skytinga minka etter kvart som våpenkvila nærma seg, og etter midnatt kunne det berre høyrast sporadiske skotsalver med automatgevær.

Våpenkvile inngått i Sverige

Rett før avtalen skulle tre i kraft, skal Jemens regjering ha sendt ut eit dokument til styrkane sine med ordre om våpenkvile i Hodeida-provinsen. Houthi-opprørarane sa dei ville gjere det same.

Ein komité leidd av FN, med representantar frå begge partar i konflikten, skal overvake våpenkvila og sjå til at ho blir overhalde.

Våpenkvila vart inngått då utsendingar frå Jemens internasjonalt anerkjente eksilregjering og Houthi-opprørarane møttest til fredssamtalar i Sverige og skulle ha tredd i kraft laurdag. Kamphandlingar gjorde likevel at ho vart utsett til tysdag.

Sentral posisjon

Søndag heldt kamphandlingane fram, mellom anna med flyangrep frå den saudileidde koalisjonen som gjekk til krig mot Houthi-opprørarane i 2015.

Over 70 prosent av all import til Jemen har tidlegare skjedd via hamna i Hodeida, som har vore livsnerven for millionar av menneske som er avhengige av naudhjelp.

14 millionar menneske i Jemen, nesten halvparten av folkesetnaden, er ifølgje FN no trua av svolt.

(©NPK)

Både Houthi-opprørarane (bildet) og dei regjeringsvennlege styrkane såg tysdag formiddag ut til å respektere våpenkvila som er innført i Hodeida i Jemen. Foto: AP / NTB scanpix

Soldatar som støttar Jemens president Abd-Rabbu Mansour Hadi i byen Aden i Jemen. Foto: AP / NTB scanpix