Våpentilhengarar marsjerer i Virginia

Tusenvis av våpentilhengarar, fleire av dei iført kamuflasjeklede og med automatgevær i hendene, marsjerte måndag i Richmond i USA.

Demonstrantane omringa Capitol-bygningen og protesterte mot at demokratane, som styrer i Virginia, har vedtatt å stramme inn våpenlovene i delstaten.

Guvernør Ralph Northam erklærte før demonstrasjonen mellombels unntakstilstand og forbaud alle våpen, men mange av demonstrantane trassa dette forbodet.

Kvite menn var i fleirtal under demonstrasjonen, og fleire av dei bar plakatar som uttrykte støtte til president Donald Trump. Andre samanlikna Northam med Adolf Hitler.

(©NPK)

Våpentilhengarar, somme i uniformer og væpna med automatgevær, protesterte måndag i Richmond i Virginia, der demokratane har vedtatt å stramme inn våpenlovene. Foto: AP / NTB scanpix

Kledde i uniformer og væpna med automatgevær marsjerte måndag tusenvis av våpentilhengarar i Richmond i Virginia. Foto: AP / NTB scanpix