Annonse

Varslingssak lagt bort i Vest politidistrikt

Politimannen som varsla om manglande innsats i Vest politidistrikt, fekk ikkje medhald. Advokaten til mannen reagerer.

Annonse

Eit advokatfirma som vart engasjert av Politidirektoratet, har konkludert med at det ikkje er grunnlag for kritikk mot leiarane som varselet var retta mot, skriv Bergens Tidende.

- Denne saka har vore ei påkjenning for alle involverte, både varslar og dei som var påvarsla. Det er derfor godt å få avslutta saka og gå vidare, seier Kaare Songstad i Vest politidistrikt.

Ein politibetjent varsla 9. november i 2017 om fleire tilfelle av det han hevda var manglande etterforsking av grove menneskehandelssaker.

Varselet til politimannen vart òg behandla av Spesialeininga for politisaker, som fastslo at ingen hadde gjort noko straffbar.

- Men sjølv med den premissen at det ikkje har føregått noko straffbar frå politiet si side, blir denne rapporten problematisk. Det finst ingen eigne undersøkingar, seier advokaten til mannen Birthe Eriksen.

- Ein berre legg seg på etterforskinga til Spesialeininga der ein avhøyrde tre personar, seier ho.

(©NPK)

Politikammeret i Bergen. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix