Vasstrening skal få Ødegaard klar til Real Madrid-kampen

Martin Ødegaard bruker mykje tid i symjebasseng for å bli kvitt fotskaden. Utviklinga er god, ifølgje Real Sociedads klubbtoppar.

Torsdag er det ti dagar til kampen mot Real Madrid på Bernabeu.

- Det vil vere spesielt for meg å spele mot Real Madrid. Eg pleier å følgje kampane deira, seier Ødegaard i eit intervju med sportsavisa Marca.

Nordmannen er eigd av Real Madrid og har ein kontrakt der til sommaren 2023.

Ødegaard la tysdag kveld ut bilde og ein video på Instagram. Dei stamma frå ei økt i vatnet på Real Sociedads treningssenter Zubieta.

Avisa Mundo Deportivo melde onsdag at klubbleiinga i Real Sociedad er optimistisk med tanke på å få Ødegaard klar til storkampen i Madrid.

Fredag og måndag må Ødegaard nøye seg med å følgje EM-kvalifiseringskampane til landslaget frå huset i San Sebastián. Dei går mot Færøyane og Malta.

Svært, svært mykje må gå Noregs veg desse dagane for at det skal gi norsk EM-plass. Dei to beste i puljen kvalifiserer seg.

Den store moglegheita kjem i Uefas nasjonsliga i mars. Der er Noreg klar for semifinale på sitt nivå. Han blir spelt på Ullevaal og høgst sannsynleg mot ubereknelege Serbia.

Siger der og så i «finalen» nokre dagar seinare, vil sende Noreg og Ødegaard til EM-sluttspelet neste år.

(©NPK)

Martin Ødegaard må følgje Noreg frå sofaen i dagane som kjem. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix