Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Greske styresmakter sende fredag ut evakueringsordre for område ved byen Larissa, der vatnet steig etter at ei elv fløymde over.
Publisert: 08.09.2023 kl 15:38
Sjølv om regnvêret har minka, er framleis store område overfløymde i sentrale delar av Hellas.
Hundrevis av menneske var fredag isolerte for tredje dagen på rad, utan tilgang på mat og drikkevatn.
Fredag steig vatnet ved Larissa, ein by med rundt 150.000 innbyggjarar, som ligg cirka 35 mil nord for Aten. Årsaka var at Pineios-elva fløymde over, noko som fekk styresmaktene til å sende ut evakueringsordre for fire område ved byen.
– Situasjonen er tragisk seier Ioanna Gana til TV-kanalen Open. Ho fortel fredag at vatnet i nabolaget hennar stig minutt for minutt.
Både militæret og brannvesenet har sendt ut helikopter for å redde menneske frå overflødde landsbyar, der enkelte innbyggjarar har måtta søkje tilflukt på hustak.
– Vi døydde nesten i går, vi hadde verken drikkevatn eller straum, seier Mina Mprakratsi medan ho blir evakuert med ein livbåt.
Fleire landsbyar i Thessalia-regionen har bede om hjelp via lokale TV-stasjonar.
– Vi treng mat og vatn, seier Yiannis Koukas, ordførar i landsbyen Vlochos.
I alt sju menneske er funne omkomme, medan talet på sakna er ukjent.
Blant dei som vart funne torsdag, var to eldre kvinner og ein 69 år gammal mann.
Øydeleggingane utgjer milliardar av euro. Vegar, bruer, straumleidningar og bustader er skylde vekk av dei kraftige vassmassane.
I tillegg er avlingar i det som er eitt av dei viktigaste jordbruksområda i landet, øydelagt. Jorda er no dekt av eit metertykt lag med gjørme, noko som kan bety at marka heller ikkje er dyrkbar neste år.
Det har aldri tidlegare vore registrert så mykje nedbør på så kort tid i Hellas.
– Eg trur ikkje vi har forstått omfanget av denne katastrofen enno, seier professor i katastrofehandtering Efthymios Lekkas til den greske rikskringkastinga ERT.
Dei tre våtaste dagane i manns minne etterfølgde ein rekordvarm sommar, som også var prega av endå kraftigare skogbrannar enn det som er vanleg i Hellas. Tørken og kraftig vind gjorde at dei spreidde seg svært raskt.
(©NPK)
Evakuerte innbyggarar kjem til ein fotballstadion i Karditsa etter å ha blitt redda frå flaumråka landsbyar. Foto: Dimitris Papamitsos /den greske statsministerens kontor / AP / NTB
Vatn dekkar Thessalia-sletta sentralt i Hellas. Foto: Dimitris Papamitsos / den greske statsministerens kontor / AP / NTB
Ein mann vassar i ei flaumråka gate i Larissa fredag. Foto: Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Vatn og gjørme dekker ein forstad til Larissa. Foto: Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Landsbyen Kastro er blant dei mange stadane som er flaumråka på Thessalia-sletta etter tre dagar med rekordstore nedbørsmengder. Foto: Vaggelis Kousioras / AP / NTB