- Vatnet strøymde på i løpet av ein halvtime

- Vatnet kom i løpet av ein halvtime, fortel Trond Brandsar, som bur i eitt av dei flaumramma områda i Skjåk.

- Dette har vore frykteleg ekkelt. Eg sov nesten ikkje i heile natt, seier 32-åringen til NTB utanfor bustaden sin i Bismo måndag formiddag.

Han og kona og dei to barna deira måtte rask komme seg bort frå huset dagen før. Då strøymde vatn frå Ottaelva inn over byggjefeltet der dei bur.

Måtte evakuere

- Då eg stod opp søndag, høyrdes det ut som det regna litt. Men då eg så ut, skjønte eg at det ikkje var regn.

Ein gangveg på oversiden av huset var blitt til ein bekk. Og den vart raskt større.

- Etter ein halvtime hadde vatnet komme over plenen og inn på huset. Då tenkte vi det var på tide at vi kom oss vekk.

Mens familien søkte tilflukt hos foreldra til Brandsar, steig vatnet over grunnmuren og opp til veggpanelet. Likevel ser det ikkje ut til å vere store skadar inne.

- Litt surrealistisk

Brandsar er heimevernssoldat og vart i utgangspunktet kalla inn for å bidra i arbeidet med å handtere flaumen i Skjåk.

- Men eg slapp sidan eg også var flaumoffer, fortel han.

Også Lena Kolden (48) og dei to døtrene måtte evakuere då vatnet steig i bustadfeltet nær Ottaelva i Bismo.

- Det var litt surrealistisk, seier ho.

Kolden anslår at i alle fall 14 bustader i dette området vart evakuerte søndag. Dagen etter rann det framleis store mengder vtnn gjennom hagar og gater.

- No blir det mykje arbeid framover, seier ho.

(©NPK)

Den flaumramma Trond Brandsar har sjekka huset sitt i Bismo. Mildvêr og mykje regn har gitt «vårflaum» på seinhausten.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Flaumramma Trond Brandsar sjekkat huset sitt i Bismo. Vatnet har stige til over grunnmuren.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Lena Kolden har vore og sjekka huset sitt i Bismo, som akkurat gjekk klar av vatnet. Ho opplever situasjonen som surrealistisk.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Mange hus er ramma av flaumen i Bismo. Mildvêr og mykje regn har gitt vårflaum på seinhausten.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Bilde tatt frå politihelikopteret av flaumen i Skjåk. Den store vassføringa i Ottavassdraget har sett alle fylkesvegar i Skjåk under vatn. Måndag er flaumen på retur.
Foto: Politihelikopteret / NTB scanpix