Vegard Forren ferdig som Molde-spelar

Vegard Forren har spelt den siste kampen for Molde. Partane vart torsdag samde om at arbeidsforholdet blir avslutta med verknad frå 31. mai.

Det melder klubben på nettstaden sin. I pressemeldinga fortel Forren at han no får behandling for å leggje speleproblema sine bak seg.

Det var TV 2 som først melde om avtalen om at han går frå stillinga. Forren står no fritt til å finne seg ein ny arbeidsgivar før sesongstart.

Detaljane i avtalen er konfidensiell, men inneber semje om eit sluttvederlag. Forren skal òg gjere opp gjelda si til spelaranes «botskasse».

– Eg synest det er trist å avslutte karrieren i Molde på denne måten, men eg innser at handlingane mine utgjer eit tillitsbrot. Eg vil beklage overfor familien, venner, spelarane, klubben, fansen og alle som elskar Molde at eventyret enda på denne måten, seier Forren til Moldefk.no.

Vil få bukt med gamblinga

Det har vore forhandlingar mellom partane sidan måndag. I eit openhjartig intervju med TV 2 fortalde Forren same dag om gamblingproblemane han har slite med i 15 år.

– Eg har saman med Molde både i 2015 og no i år teke initiativ til at eg skal kunne få bukt med speleproblema mine gjennom behandling. Eg er no i ein prosess for å få bukt med problema gjennom slik behandling. Eg er fast bestemt på å rydde opp etter meg og leggje denne sjukdommen bak meg ein gong for alle. Eg veit at eg framleis har mykje ugjort på fotballbanen, seier Forren vidare i pressemeldinga frå Molde.

Forren skal mellom anna ha lånt pengar frå Moldes botskasse for å betale spelegjeld.

Trist dag

– Dette er ein trist dag både for Vegard og alle som elskar Molde Fotballklubb. Vegard har vore ein nøkkelspelar og humørspreiar i Molde dei siste 13 åra, og han er ein av dei beste fotballspelarane i landet, seier dagleg leiar Ole Erik Stavrum.

– Vi er glade for at han sjølv har innsett alvoret i handlingane sine og at han har valt å vere open om dei personlege utfordringane sine. Speleavhengnad er eit alvorleg samfunnsproblem. Det er viktig for fotballen at Vegard no tør å gi denne skuggesida eit ansikt.

Forren har 33 landskampar for Noreg. Midtstopparen har vore Molde-spelar sidan 2007, avbrote av korte opphald i dei engelske klubbane Southampton og Brighton, begge utan at han fekk speletid for førstelaget. For Molde har han spelt 285 kampar.

(©NPK)

Vegard Forren er ferdig som Molde-spelar. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix