Annonse

Vegvesenet åtvarar mot eggforma svingar

Risikoen for utforkøyringsulykker aukar i lange, krappe svingar. Det viser ei undersøking Statens vegvesen har gjort av nær 63.000 svingar i region aust.

Annonse

Statens vegvesen har analysert 62.952 svingar på vegar med fartsgrense mellom 60 og 90 kilometer i timen. Studien er utført langs vegnettet i Østfold, Oppland, Akershus og Hedmark. Dei siste fire åra har 33 menneske omkomne, 16 vorte særs alvorleg skadd og 188 alvorleg skadd i utforkøyringsulykker i Region aust. Det gjer utforkøyringsulykker til den mest utbreidde alvorlege ulykkestypen i regionen.

Utforminga av ein sving er viktig for ulykkesrisikoen. Ein krapp, lang og eggforma sving gjer at fleire køyrar ut av vegen. Viss svingen blir krappare etter at føraren har komme eit stykke inn i svingen, aukar faren for utkøyring. I ein vanleg sving kan føraren halde rattet stille gjennom korga. Risikoen aukar i svingar der sjåføren må vri rattet ekstra fordi korga aukar undervegs i svingen og bilisten har for høg fart.

Talet på døde i trafikken er redusert dei siste 20 åra. Tiltak som midtrekkverk, betre sideterreng og betring av sikt er viktig for å redusere faren for ulykker.

Ein stor del av utforkøyringsulykkene skjer på vegar med mindre trafikk.

- Det er meir krevjande å førebygge utforkøyringsulykker på vegar med mindre trafikk. Dette fordi ulykkene skjer spreitt over eit større vegnett, opplyser senioringeniør Espen Haugvik i Statens vegvesen, Region aust.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix