Annonse

Straumen byrjar å vende tilbake i Venezuela

Store delar av Venezuela vart ramma av straumbrot måndag. Regjeringa hevdar kraftforsyninga i landet har vorte utsett for eit «elektromagnetisk angrep».

I hovudstaden Caracas forsvann straumen på ettermiddagen lokal tid. Kommentarar i sosiale medium tyder på at store delar av landet vart ramma.

Først ved titida tysdag formiddag byrja straumen å komme tilbake. Ifølgje energiminister Freddy Brito er han heilt tilbake i fem delstatar, men berre delvis tilbake i fire andre. Energiministeren forsikrar at arbeidet med å rette opp det nasjonale straumnettet fortset slik at alle 23 delstatar får kraftforsyning igjen.

Tysdag held dei fleste av skulane og arbeidsplassane i landet stengt på grunn av straumbrotet regjeringa hevdar er eit resultat av eit «elektromagnetisk angrep».

- Dei første opplysningane frå etterforskinga peikar i retning av eit elektromagnetisk angrep retta mot vasskraft-systemet i Guyana, sa informasjonsminister Jorge Rodríguez måndag.

Også tidlegare i år vart Venezuela ramma av omfattande straumbrot. President Nicolás Maduro hevda då at dei største vasskraftverka i landet var utsette for ein sabotasjeaksjon støtta av USA.

Straumnettet og kraftforsyninga i Venezuela har likevel lenge lide under manglande vedlikehald og investeringar. Opposisjonen i landet og ei rekke fagfolk meiner dette er forklaringa på dei omfattande straumbrota.

(©NPK)

Folk i gatene i Venezuelas hovudstad Caracas etter straumbrotet måndag. Foto: AP / NTB scanpix