Annonse

Grande: – Det blir lettare å jobbe i regjering

Venstre held fram i mindretalsregjering med Høgre og KrF. Venstre-leiar Trine Skei Grande trur arbeidet i regjeringa blir enklare utan Frp.

Annonse

– Det er klart at det vil bli lettare for tre parti å bli samde enn for fire. Så vil det bli større utfordringar når vi kjem til Stortinget, seier Grande til NTB.

– Vi skal ha fleirtal for forslaga våre i Stortinget. Eg håpar jo då at Frp vil stå for mest mogleg at det dei har stått for i samarbeidet. Men det er klart at vi har mange andre konstellasjonar å få fleirtal i Stortinget på òg, slår kulturministeren fast.

– Sett til å forvalte borgarleg fleirtal

Både Grande og statsminister Erna Solberg (H) er tydelege på at dei vil styre vidare på Granavollplattforma som den no avgåtte firepartiregjeringa vart samde om for eitt år sidan. Frp seier derimot at plattforma er død, og at dei frå no av vil stå på partiprogrammet sitt.

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug sa måndag òg klart frå om at det framover blir opp til regjeringa å føre ein politikk som Framstegspartiet kan støtte.

– Viss ein ikkje får til eit samarbeid den eine vegen, får ein prøve den andre vegen. Men det er eit borgarleg fleirtal på Stortinget, og det er dét vi er sette til å forvalte. Frp har vore med å forhandle fram ei semje som vi skal byggje vidare på. Så må dei ta stilling til om dei framleis ønskjer ei borgarleg regjering, eller om dei ønskjer eit anna fleirtal, svarer Grande.

Takka Siv

På ein kort pressekonferanse i Kulturdepartementet måndag nytta ho høvet til å takke Framstegspartiet og særleg Frp-leiar Siv Jensen for samarbeidet i regjeringa.

– Ho har vore ein god finansminister for landet og ein finansminister som har vore oppteken av heilskapen i regjeringssamarbeidet. Eg ser fram til at vi skal samarbeide vidare saman, sjølv om rollene våre blir endra, sa Venstre-leiaren.

Fleire har trekt fram at den store Venstre-sigeren i Granavollplattforma, nemleg rusreforma, kan ryke med Frp ute av regjering. Primærstandpunktet til Frp er at dei ikkje støttar ei avkriminalisering av narkotika.

– Vi trur at dette er ei reform som kjem til å få brei folkeleg støtte og støtte frå eit breitt fleirtal på Stortinget, seier Grande.

Ministerpostar

– Sju ministerpostar skal no fordelast. Kor mange er det rimeleg at Venstre får?

– Det er heilt opp til statsministeren, seier Grande, som ikkje vil seie eitt ord om kva departement Venstre har blinka seg ut, eller om partiet vil vere villig til å la seg avfeie med eldreministeren.

Både Justisdepartementet og Olje- og energidepartementet blir ledige med Frp ute av regjeringa.

(©NPK)

Kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande kommenterer at Framstegspartiet har gått ut av regjering. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix