Annonse

Venstre vil krevje betre pappaperm i regjeringsforhandlingane

Venstre vil setje den sjølvstendige retten fedrar har til betalt foreldrepermisjon på lista over dei viktigaste sakene i regjeringsforhandlingane på nyåret.

- Neste år skal vi bruke over ein milliard kroner på å heve barnetrygda. Det neste løftet for barnefamiliane må vere å sikre permisjonen til far, seier sentralstyremedlem og stortingsrepresentant for Venstre, Guri Melby, til VG.

Alle dei fire partia som no sonderer moglegheitene for eit regjeringssamarbeid, har lovd veljarane å endre ordninga og sikre far sjølvstendig rett til å ta ut lønt foreldrepermisjon.

- Alle partia på Stortinget har far sin sjølvstendige rett til lønt foreldrepermisjon i partiprogramma sine. No har vi sjansen, seier Melby.

I dag er det mor sin status i arbeidslivet som er avgjerande for om også far har rett til betalt foreldrepermisjon i det første leveåret til barnet. Far har ikkje rett til betalt foreldrepermisjon dersom mor heller ikkje har det. Tidlegare i år avviste regjeringa ESAS vurdering om at ordninga med foreldrepengar bryt med likestillingsdirektivet. EØS-tilsynet tok dermed Noreg til EFTA-domstolen.

(©NPK)

Venstres Guri Melby vil sikre far sin sjølvstendige rett til betalt foreldrepermisjon. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix