Annonse

Ventura sikra seg plass på PGA-touren

Norske Kristoffer Ventura sikra seg sin andre proffsiger i karrieren då han vann golfturneringa Pinnacle Bank Championship i Nebraska. No ventar PGA-touren.

Sigeren på søndag kvalifiserer 24-åringen, som den andre nordmannen i historia, til ein plass på PGA-touren i golf neste sesong.

- Eg er veldig glad, og eg er stolt over alle som har vore involverte. Eg kan ikkje vente med å spele på PGA-touren, sa Ventura til pressa etter sigeren.

Han sa vidare at det er ein bonus å vinne turneringa og at det var PGA-kortet som var det viktigaste å sikre.

Det er berre Henrik Bjørnstad som tidlegare har kvalifisert seg for spel på PGA-touren, sjølv om fleire nordmenn har spelt turneringar på PGA-touren, skriv VG.

Ventura tok siger i andre og tredje runde i golfturneringa i Nebraska. Med ein avsluttande fjerde runde på 70 slag (-1), med tre birdies, to bogeys og 13 par, enda han 16 under par samanlagt, to slag føre amerikanarane Andres Gonzales og Chad Ramey, skriv Norskgolf.no.

Venturas første proffsiger kom i Utah Championship i slutten av juni.

(©NPK)

Kristoffer Ventura er klar for PGA-touren neste sesong. Foto: Benjamin A. Ward / NGF / NTB scanpix