Verdsnaturfondet kallar ulvefellinga uakseptabel

Verdsnaturfondet meiner det både er oppsiktsvekkjande og uakseptabelt at regjeringa opnar for felling av Slettås-flokken i Hedmark.

- Norsk ulveforvaltning har spelt fallitt, dette vedtaket er berre politikk. Vi synest det er skammeleg at ein ser ut til å bruke ein utryddingstrua dyreart for å posisjonere seg før kommunevalet neste år, seier WWF Verdsnaturfondets miljøpolitiske leiar Ingrid Lomelde.

Ho viser til at regjeringa for eit års tid sidan konkluderte med at det ikkje fanst grunnlag for å ta ut denne flokken.

- Situasjonen for Slettås-flokken er ikkje endra sidan i fjor, flokken har ikkje endra åtferd, det er derfor uforståeleg at vurderinga i år endar med motsett konklusjon. Kva skal vi med ei forvalting som ikkje er heva over politikk, og som endrar reglane for vurdering frå år til år? spør ho.

Lomelde meiner vedtaket viser at det no er viktig å få ein rettsleg gjennomgang av ulveforvaltninga, og ho ser fram til at saka dei har anka, skal komme opp i desember neste år.

I sommar avviste Oslo tingrett WWFs påstand om at Miljødepartementet har brote både Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen om trua arter. Organisasjonen anka dommen til Borgarting lagmannsrett.

(©NPK)