Annonse

Kaos og øydeleggingar i Venezia

Venezia vakna onsdag til marerittliknande scener, med ei tidvassbølgje byen ikkje har sett maken til på 53 år.

Annonse

Gondolar og småbåtar hadde vorte feia opp på kaiene, og turistar med vadestøvlar til langt opp på låra prøve å redde koffertar frå vassmassane. Kyrkjer, kjellarar, museum og sårbare fundament på uerstattelege bygningar hadde vatn nesten to meter over normalnivå.

- Byen er i kneståande. Øydeleggingane er omfattande, var den illevarslande meldinga på RAI, Italias nasjonale kringkastar. Presidenten i Veneto-regionen, Luca Zaia, sa at 80 prosent av Venezia stod under vatn og at skadane var utanfor fatteevne.

Kjempeprosjekt

Butikk- og restauranteigarar på Markusplassen og på breiddene langs Canal Grande rasar mot «korrupte» politikarar som enno ikkje har klart å få på plass den mykje omtalte og for lengst påbyrja flaumskjermen (MOSE), eit sinnrikt og gigantisk system av 78 store portar som skal reise seg frå botnen av lagunen og stenge det veksande tidvatnet ute.

Prosjektet vart påbyrja i 2003, men er ramma av ein enorm kostnadssprekk, korrupsjonsskandalar og forseinkingar. No fryktar ingeniørane at delar av anlegget har rusta fast og er ubrukeleg. Førebels er rekninga på seks milliardar euro.

Onsdag formiddag streva gondolierar og taxibåteigarar med å komme til i dei tronge smuga og kanalane for å tømme farkostane sine for flytande søppel og kloakkinfisert vatn.

Acqua alta

Det er berre éin gong tidlegare i moderne tid at vasstanden (acqua alta) har vore så høg i den italienske byen, og det var i november i 1966. Den gongen steig vatnet 1,94 meter. Tysdag var vasstanden 1,87 meter.

Borgarmeister Luigi Brugnaro i Venezia seier at han kjem til å erklære unntakstilstand, og då blir alle skular haldne stengde. Brugnaro kallar det ei «krise» og ber regjeringa om hjelp til å dekke kostnadene som vil komme som følgje av flaumen.

- Vi må hjelpe kvarandre. Vi må stå samla for å møte denne situasjonen, som er eit resultat av klimaendringane, seier borgarmeisteren.

Storm og kraftig regnvêr i tillegg til høgt tidvatn førte til at den kjente Markusplassen såg ut som ein innsjø, dekt av over halvannan meter vatn då nivået var på det høgaste seint tysdag kveld. Plassen har sjølv i normale tider liten klaring til vatnet i lagunen og er ofte den første staden som merkar tidvatnet.

Fossa fram

Vatnet fløymde mellom anna inn i inngangspartiet til den berømte Markuskyrkja.

Ein talsmann for kyrkjerådet seier at berre fem gonger tidlegare i den lange historia til kyrkja, bygginga starta i år 828, har ho vore utsett for så omfattande vassmassar. Og tre av desse flaumane har skjedd dei siste 20 åra, noko talsmannen finn ytst urovekkjande.

Også andre delar av Italia fekk kjenne vêret tysdag. I ei rekke byar sør i landet, som Taranto, Brindisi og Matera heldt skular stengt på grunn av ekstremvêret. Det same skjedde i fleire byar på Sicilia.

(©NPK)

Ein mann tar bilde av Markuskyrkja i Venezia mens flaumvatnet når han nesten til hofta. Vasstanden på Markusplassen vart målt til 1,87 meter natt til onsdag. Flaumen kjem av storm og mykje nedbør. Foto: AP / NTB scanpix

Ein butikkeigar ved Markusplassen i Venezia prøver å stenge flaumvatnet ute. Foto: AP / NTB scanpix

Turistane kjempa mot vassmengdene i Venezia onsdag. Regn og høgt tidvatn har ført til enorme øydeleggingar.
Foto: AP/NTB scanpix

Gondolar og vasstaxibåtar vart feia opp på land av det kraftige trykket frå tidvatnet. Foto: AP/NTB scanpix