Annonse

Vestre slår tilbake mot Norsk Industri: – Heilt feil medisin

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) avviser krava frå Norsk Industi om å sjå på alternativ til fastpris på straum.

Annonse

Norsk Industri sa torsdag at det går mot konkursar på grunn av straumpriskrisa. Dei meiner fastprisavtalane regjeringa ser på som løysinga, ikkje er gode nok. Fleire i næringslivet har sagt det same og bede regjeringa komme med ein plan B.

– Eg forstår at mange bedrifter er urolege, og derfor er det så viktig at vi ikkje finn på noko som bidreg til å gjere situasjonen verre, seier Vestre til NTB.

– I møtet med den største inflasjonen sidan jappetida, ser leiinga i Norsk Industri ut til å meine at vi skal auke oljepengebruken med fleire titals milliardar kroner. Det er heilt feil medisin som kan føre til aukande renter og sterkare kronekurs, noko som er svært krevjande for eksportretta industri, seier næringsministeren.

Vestre gjentek også det han tidlegare har sagt, at Noreg er i ferd med å få kontroll på situasjonen.

– No må vi tryggje norske arbeidsplassar og unngå økonomiske eksperiment. Det er finansministeren og eg 100 prosent samde om, seier Vestre.

Næringsministeren trekkjer også igjen fram påstanden sin om at fastprismarknaden byrjar å verke. Det står i strid med det Norsk Industri, Virke og fleire seier.

– Sjølv dei kortaste avtalane kan no teiknast til under krona, slik Norsk Industri har bede om. Det er ingen ting i reglane frå regjeringa som hindrar straumselskapa å tilby meir fleksible avtalar. Dette er opp til bransjen og derfor har eg over tid oppmoda fleire kraftprodusentar og straumselskap om å bli med i konkurransen, slik at kundane kan få best mogleg tilbod, seier han.

(©NPK)

Næringsminister Jan Christian Vestre er ikkje samd med Norsk Industri. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK