Annonse

Veterinærinstituttet: Stadig meir sjukdom blant oppdrettslaks

Sår, gjelleproblem og bakteriesjukdommar bidrog til at rekordhøge 58 millionar oppdrettslaks gjekk tapte i sjøfasen i fjor.

Tala kjem frå Fiskehelserapporten 2022 frå Veterinærinstituttet.

– Dei helse- og velferdsproblema som aukar no, kan knytast til intensiv produksjon og fleire avlusingar. Auka førekomst av gjelle- og bakteriesjukdommar og ulike sårproblem har samanheng med stress, trengsel og skadar på fisken, seier avdelingsdirektør Edgar Brun ved Veterinærinstituttet.

Det siste året har det vore ein stabil førekomst av alvorlege virussjukdommar blant oppdrettslaksen. Men auken av bakterielle sjukdommar held fram.

Rapporten peikar særleg på omfanget av såkalla vinterår, infeksjonar som fører til djupe sår på sida av fiskane.

Det er òg store geografiske forskjellar på kvar det er mest laks som går tapt i sjøfasen. Områda frå Karmøy til Sotra kjem dårlegast ut, der dødelegheita er på 23,7 prosent av laksen. Lenger nord kjem områda som ligg frå Kvaløya til Loppa best ut, med ei dødelegheit på 9,1 prosent.

(©NPK)

Oppdrettsnæringa er prega av stadig meir sjukdom, ifølgje Veterinærinstituttet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB