VG: Éin av fem KrF-tillitsvalde vurderer å trekke seg

Nesten 20 prosent av tillitsvalde og folkevalde i KrF vurderer å melde seg ut dersom partiet går inn i Solberg-regjeringa, ifølgje VG.

Avisa har gjort ei rundspørjing blant 1.327 nøkkelpersonar i KrF, og 463 har svart. Blant dei seier 72 prosent at dei ikkje har vurdert å melde seg ut av partiet, 19 prosent svarar ja, mens 9 prosent veit ikkje.

Sidan KrF på det ekstraordinære landsmøtet sitt 2. november vedtok med knapp margin å gå til høgre og søkje regjeringssamarbeid med Solberg-regjeringa, har 1.235 medlemmer meldt seg ut.

Samtidig har 964 meldt seg inn, ifølgje partikontoret.

(©NPK)

KrF-leiar Knut Arild Hareide tapte kampen om vegvalet til partiet. No vurderer mange av dei som støtta han, å melde seg ut av partiet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix