VG: Politiet vil leggje bort overgrepssak frå Branns skandalefest

Politiet innstiller på å leggje bort saka mot mannen som vart sikta for overgrep etter nachspielet på Brann Stadion tidlegare i haust, erfarer VG.

Det melder avisa måndag kveld. Politiet går for bortlegging på grunn av bevisstillinga. Det er statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane som tek den endelege avgjerda, og den er venta seinare i veka.

Spelaren har gjennom forsvararen sin John Christian Elden heile tida nekta straffskuld. Det har ikkje lykkast NTB å få tak i Elden, men til VG seier han at politiet innstiller seg på å leggje bort saka. Den informasjonen fekk han frå statsadvokaten for nokre veker sidan.

Politiadvokat Lillian Kleppe vil ikkje stadfeste tilrådinga som er gitt til dei påtaleansvarlege.

– Saka vart oversend til statsadvokatembetet for avgjerd for nokre veker sidan. Politiet vil ikkje gi nokon kommentar knytt til kva innstilling som er gitt, seier Kleppe til VG.

Spelaren vart sikta for valdtekt etter det mykje omtalte nachspielet på Brann Stadion i august.

– Personen som er under etterforsking, har fått status som sikta. Siktinga gjeld brot av straffelova §291, sa Kleppe til NTB då siktinga vart kjend.

No kan det gå mot bortlegging av saka. Statsadvokaten kan følgje innstillinga til politiet eller krevje vidare etterforsking.

Ein annan spelar fekk status som sikta for ei valdshending på det same nachspielet. Den saka enda med eit førelegg på 10.000 kroner, og mannen vedtok den. Han erkjende ikkje straffskuld, men gjekk med på å betale for å bli ferdig med saka.

Skandalefesten på Brann Stadion førte til at totalt tre spelarar forlét Brann, medan resten av deltakarane fekk ei kraftig, skriftleg åtvaring av klubben.

(©NPK)

Det var i august ein mykje omtalt etterfest på Brann stadion. Foto: Marit Hommedal / NTB