Annonse

VG: Ytterlegare to marokkanske menn arresterte for drapa på norsk og dansk kvinne

Totalt skal tre menn no vere arresterte av politiet i Marokko, mistenkt for å ha drepe norske Maren Ueland og danske Louisa Vesterager Jespersen.

Annonse

Ein mann vart arrestert tysdag formiddag. Ei kjelde med nær kjennskap til etterforskinga opplyser til VG at ytterlegare to lokale menn er arresterte tysdag ettermiddag.

Det er tidlegare opplyst at den første som vart arrestert er frå Marrakech, mens dei to siste kjem frå kystbyen Safi.

Dei to kvinnene vart funne drepne i Atlasfjella i Marokko måndag.