Vickhoff Lie fekk eit stykke norsk alpinhistorie rundt halsen

Kajsa Vickhoff Lie (24) kunne onsdag kveld stolt vise fram at ho er Noregs første kvinnealpinist med VM-medalje i fart sidan 1993.

Bærumsjenta vart hylla på podiet i Méribel med VM-bronsen rundt halsen. Sju timar tidlegare køyrde ho ned til tredje beste tid i super-G-rennet.

Vickhoff Lie delte plasseringa med austerrikaren Cornelia Hütter. Gullet gjekk til Marta Bassino frå Italia, medan den USA-amerikanske superstjerna Mikaela Shiffrin tok sølvet.

Fartsmedaljen var den første til ei norsk kvinne i VM på 30 år. I 1993 fekk Astrid Lødemel med seg sølv i utfor og bronse i super-G. Sjølv var ikkje Vickhoff Lie klar over kor lang ventetida hadde vore.

– Eg hadde null peiling. Eg tenkte Ragnhild (Mowinckel) hadde det, men ho har det jo berre i kombi. Så det er veldig gøy å kunne skrive seg litt inn i historiebøkene, sa ho til NTB etter rennet.

Bronsen smakte ekstra godt for ein som har vore gjennom eit langt skademareritt. Ho gjorde så seint som i desember comeback i verdscupen etter halvtanna år på sidelinja.

Noreg står i alt med ti medaljar i alpin-VM på kvinnesida. Den første tok Inger Bjørnbakken med slalåmgullet i 1958. Framleis er det den einaste tittelen blant norske kvinnealpinistar frå VM og OL.

Den neste oppgåva for Kajsa Vickhoff Lie blir utfor laurdag.

(©NPK)

Kajsa Vickhoff Lie med bronsemedaljen ho fekk etter super-G for kvinner i alpin-VM. Ho er den første norske kvinna med VM-medalje i eit fartsrenn sidan Astrid Lødemel i 1993. Foto: Lise Åserud / NTB

Medaljevinnarane i super-G for kvinner i alpin-VM onsdag. Frå venstre Mikaela Shiffrin (sølv), Marta Bassino (gull), Cornelia Hütter og Kajsa Vickhoff Lie (delt bronse). Foto: Lise Åserud / NTB

Kajsa Vickhoff Lie (t.h.) og Cornelia Hütter fekk kvar sin bronsemedalje under medaljeseremonien etter super-G for kvinner i alpin-VM i Frankrike. Foto: Lise Åserud / NTB