Vickhoff Lie nummer åtte då Shiffrin vann super-G-cupen

I Ragnhild Mowinckels fråvær vart Kajsa Vickhoff Lie beste norske på 8.-plass i verdscupfinalen i super-G torsdag. Tyskaren Viktoria Rebensburg vann.

Samtidig vart Mikaela Shiffrin nummer fire og vann med det krystallkula i super-G for første gong i karrieren. Den amerikanske alpindronninga har allereie vunne slalåmcupen og samanlagtcupen denne sesongen.

- Dette er spesielt. Eg trudde ikkje eg kunne prestere så godt i super-G allereie i vinter, sa Shiffrin, som aldri hadde vunne eit super-G-renn før denne sesongen. Førre månad vart ho verdsmeister i disiplinen.

Rebensburg vann 15 hundredelar føre Tamara Tippler frå Austerrike. Federica Brignone frå Italia vart nummer tre og måtte sjå seg slått med 0,34 sekund.

Mowinckel øydela korsbandet i høgrekneet og skadde menisken då ho fall stygt etter eit hopp under utfortreninga i Andorra tysdag. Dermed var Lie Noregs beste håp.

Nest beste i karrieren

Ho køyrde knallsterkt i det øvste partiet, men tapte litt tid nedover løypa. 20-åringen leverte god køyring, men klarte ikkje å halde farten oppe for å kunne hevde seg i toppen. Til slutt skilde det 0,68 sekund opp til Rebensburg. Med det vart ho nummer åtte.

Det var den nest beste plasseringa hennar i verdscupen nokosinne. Bærums-løparen fekk dermed ei svært god avslutning på super-G-sesongen.

- Eg gjer så godt eg kan eigentleg. Eg vart veldig overraska faktisk, sa ho fornøgd til NRK då ho låg på fjerdeplass undervegs i løpet.

- Eg visste at eg hadde tynt linja litt på toppen, men òg at eg gjekk litt for tight på i det svingete partiet midt på, sa ho.

Ho køyrde seg samtidig inn blant dei 15 beste i super-G-cupen.

Enkel samanlagtsiger

Shiffrins argaste konkurrent i super-G-samandraget, Tina Weirather frå Liechtenstein, køyrde ut og la med det opp til ein enkel samanlagtsiger for Shiffrin. Nicole Schmidhofer låg på tredjeplass i super-G-cupen, men heller ikkje ho klarte å tukte Shiffrin. Austerrikaren vart til slutt nummer fire med lik tid som amerikanaren.

Hannah Sæthereng debuterte i verdscupen i sesongfinalen i super-G. Ho vart juniorverdsmeister i disiplinen i februar og var i kraft av den prestasjonen kvalifisert for verdscupfinalen.

19-åringen starta sist av alle og køyrde ned til ein 18.-plass. Opp til vinnaren skilde det 3,31 sekund.

- Det var veldig gøy. Forholda var dritbra, og det var ordentleg morosamt å køyre, sa ho til NRK.

Ho merkte tydeleg forskjellen frå å køyre andre renn.

- Det er jo berre eit renn, men det er så mykje større med TV-ar og masse folk. Det er berre mykje meir folk, eigentleg.

(©NPK)

Mikaela Shiffrin vart nummer fire og vann med det samanlagtsigeren i super-G-cupen. Foto: Alessandro Trovati / AP / NTB scanpix

Kajsa Vickhoff Lie leverte ein godkjent konkurranse torsdag.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...