Vil sende Ødegaards klubbkamerat i fengsel

Den serbiske påtalemakta skreiv fredag ein tiltale mot Real Madrid-spelar Luka Jovic for å ha brote karanteneplikta under pandemien, med påstand om fengsel.

Aktoratet vil ha seks månaders fengselsstraff for Jovic, som under eit besøk i Beograd under den første nedstenginga i mars braut karanteneplikta. Han vart observert ute i gatene og på ein fødselsdagsfest for kjærasten sjølv om han var pålagd å halde seg heime i fjorten dagar.

Jovic kunne ha sleppt straffeforfølging ved å betale ein sum tilsvarande 325.000 kroner til humanitære formål. Han har ikkje gjort det, og no blir det rettssak.

Jovic uttalte den gongen at han ikkje fekk nok informasjon om karantenepåbodet, og hevda at han kom heim til Serbia for å gi familien og folket moralsk støtte under pandemien. Han peikte òg på at han hadde testa negativt på viruset både i Spania og Serbia.

22-åringen er klubbkamerat med Martin Ødegaard, men har slite med å få speletid i haust. Han var unytta reserve då Serbia slo Noreg i EM-kvalifiseringsomspelet tidlegare i månaden.

(©NPK)

Luka Jovic er i heimlandet Serbia tiltalt for karantenebrot under pandemien. Aktoratet krev seks månaders fengsel for Real Madrid-spelaren. Foto: Manu Fernandez, AP / NTB