Vind prega Diamond League-premieren – stavkonkurransen utsett

Stavhopparane må vente eit ekstra døgn på å starte Diamond League-sesongen. Sterke vindkast i Doha gjer at Armand Duplantis og co. må kjempe innandørs laurdag.

Diamond League opplyser at vindforholda på arenaen i Qatar utset stavkonkurransen. Ifølgje SVT skal han gjennomførast under tak laurdag.

Avgjerda vart teken då stavhopparane var i gang med å varme opp.

Duplantis er verdsrekordhaldar og storfavoritt til å vinne i DL-opninga.

– Armand prøvehoppa litt, men det gjekk ikkje å køyre på for fullt. Det kjennest som eit rett val, sa Duplantis' agent Daniel Wessfeldt til SVT om utsetjinga.

(©NPK)

Armand Duplantis (i midten) saman med Renaud Lavillenie etter at stavkonkurransen i Diamond League-opninga i Qatar vart utsett frå fredag til laurdag. Foto: Hussein Sayed / AP / NTB

ANNONSE
Annonse