Annonse

Virke åtvarar mot «apokalypse» innan varehandelen

Nordmenns kraftig aukande handel i utlandet fører til dramatiske endringar for norsk handel, åtvarar Virke.

Hovudorganisasjonen la måndag fram sine prognosar for handelen. Der kjem det fram at nordmenn no legg igjen 1 av 10 kroner i utanlandske butikkar, og at utanrikshandelen er sterkt veksande.

Nordmenns handel i utanlandske nettbutikkar auka med 281 prosent frå 2011 til 2017. Norske nettbutikkar hadde ein vekst på 101 prosent i same periode.

Samtidig fører auka grensehandel og fleire utanlandsreiser til at nordmenns handel i fysiske butikkar utanlands aukar raskt, med 62 prosent frå 2011 til 2017. Dei fysiske butikkane i Noreg hadde ein vekst på 17 prosent i same periode.

Denne utviklinga bør vere eit kraftfullt varsel til norske politikarar, meiner Harald J. Andersen, direktør for Virke Handel.

- Når vi har kalla handelskonferansen på onsdag for «Retail apocalypse», viser det til dramatiske endringar både i form av utfordringar og moglegheiter, seier Andersen i ei pressemelding.

Han peikar på at norsk handelsnæring er avhengig av rammevilkår som sikrar konkurransekrafta mot utanlandske aktørar.

- 350-kronersgrensen for momsfri utanlandshandel og andre fordyrande skattar og avgifter for retailerar i Noreg, gir utanlandske selskap urimelege konkurransefortrinn, seier Andersen.

(©NPK)