Virustesting under skøyte-VM

Arrangørane av skøyte-VM på Hamar tar det nye koronaviruset på alvor. Løparane blir testa.

Løparane og leiarar vart testa då dei kom til VM-hotellet på Hamar. Det var likevel ingen av dei som hadde vore i Asia den siste tida. Dei fleste kom frå USA via Schiphol i Nederland og til Noreg.

– Det har ikkje dukka opp nokon tilfelle av det eg veit. Vi har hatt helsesjekk av alle som har kome. Vi har tatt temperatursjekk etter dei retningslinjene vi har fått frå ISU. Det er ingen raude flagg, seier generalsekretær i skøyteforbundet Håkon Dahl til NTB.

– Dei fleste av løparane har dessutan vore igjennom tilsvarande sjekk både frå Calgary og Salt Lake City. Dei fleste har vore gjennom dette for tredje gong, og då er jo faren mindre, legg han til.

Det norske VM-håpet Håvard Holmefjord Lorentzen tar det heile med knusande ro.

– Vi har ikkje merka noko til noko ekstra i samband med koronaviruset anna enn at vi vart sjekka her på hotellet. Vi blir òg sjekka når vi kjem til hallen. Ikkje kvar gong, men når konkurransane startar til helga, må vi nok sjekke kroppstemperaturen, seier han.

Ikkje alle konkurrentane har vore like heldige.

– Eg høyrde jo om kinesarane. Før dei kom hit, hadde dei to veker der dei budde på eit hotell, vart køyrde til hallen og deretter tilbake til hotellet. Dei var i realiteten isolerte der, seier Lorentzen til NTB

VM startar med 500- og 1000-meter for menn og kvinner fredag.

(©NPK)

Håvard Holmefjord Lorentzen er testa og klar for skøyte-VM. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix