Annonse

Virustilfelle registrert sør i Italia

Eit tilfelle av covid-19-smitte er registrert i Palermo på Sicilia. Det kan tyde på at viruset er i ferd med å spreie seg til sørlege delar av Italia.

Ei kvinne frå byen Bergamo i den virusramma regionen Lombardia, som var med i eit reisefølgje på besøk i Palermo, har testa positivt for viruset, opplyser Sicilias president Nello Musumeci i eit Facebook-innlegg.

Kvinna, som etter forholda skal vere i god form, blir halden tilbake saman med mannen sin og andre som har vore i nær kontakt med henne, opplyser Musumeci.

Italienske medium melder òg om eit tilfelle i Firenze i Toscana.

(©NPK)